Konsert med Håvard Husevåg – laurdag 15. august kl. 13.30
- 5. aug.
- 1 min lesing
Håvard Husevåg har hatt eit strålande år i rampelyset. Etter å ha takka nei tre gonger tidlegare, sa han endeleg ja til å delta i The Voice Norway 2026 – og det skulle vise seg å vere eit klokt val. Med songar som «Bed I Made» (Allen Stone), «Morning Is Made» og «Everglow» (Coldplay) imponerte han både publikum og dommarpanel, og gjekk heilt til Knockout-runden i konkurransen.
No tek han med seg scenerøynsla heim til Sandanedagane, der han gjev publikum ein smakebit av det soulfulle og varme uttrykket som har gjort han til ein av dei store snakkisane i norsk musikk denne sommaren.
Ikkje gå glipp av konserten laurdag 15. august kl. 13.30!




Kommentarer