top of page
All Posts


Opplev ViteMeir på Sandanedagane!
I år får vi besøk av ViteMeir – vitensenteret på Kaupanger som gjer naturvitskap, teknologi og matematikk både gøy og fascinerande! På Sandane dukkar dei opp laurdag 15. august med vassvegg, røykmaskin, airzooka, Hanois tårn – og mykje meir. 🤩 Test reaksjonane dine, utfordre venene dine og bli overraska – dette passar for både små og store oppdagarar!


Brannbamsen Bjørnis
Fredag 14. august fra kl 13.00 til 15.00 er Brannbamsen Bjørnis å finne i Øvregata på Sandane. Brannbilen til Gloppen Kommune kjem kl. 12.00, då blir det høve for å sjå denne på nært hold! I sammarbeid med Sparebank 1 Sogn og Fjordane får vi moglegheit til å fremje Brannbamsen Bjørnis som er ei nasjonal satsing når det gjelder brannvernopplæring for barn. Les meir her: https://brannbamsen.no/ Aktivitet for heile familien!


Bagasjeromsloppis
Er garasjen og loftet full eller leikekassa overfylt? Ta med deg skattene du ikkje lenger treng og bli med på Bagasjeromloppis under Sandanedagane! Her kan ein stille opp med eigen stand og selge brukte ting frå bagasjerommet, eit bord eller eit teppe på bakken. Ein sosial og gøy måte å rydde opp – og kanskje finne nye skattar! Loppisområdet i Øvregata er ope laurdag frå 12.00 til 15.00. NB begrensa antal plassar, påmelding krevst!


Lynsjakkturnering
Turnering i to kategoriar med ei vaksenklasse, 15 år og eldre. Og en ungdom og barn under 15 år Påmelding via turneringservice eller til Edvin Øygard (edvoyg@gmail.com) Spillprogram er 5 runder NSF Monrad med 3 minutt betenkningstid + 2 min tillegg pr trekk. Gruppe A over 15 år Gruppe B under 15 år


Badeandrace!
Laurdag 15. august arrangerar bygdehuset Vonheim badeandrace på elva som går gjennom Sandane sentrum. Andeslepp blir kl. 16:00 ved brua ved Firdakraftbygget og målgang ved brua i Grandeparken nokre minutt seinare. Vinnar-anda vinn 3000 kroner og det er fleire fine premiar!! Vipps kr. 50,- per and til #587899 (Husstyre for Vonheim)
bottom of page
