top of page

Tre kvinner og ein mann


ree

Bli med på Nyklang og nostalgi i Trivselshagen!

Under tittelen «Ny klang og nostalgi» inviterer kjende lokale songarar og musikarar i lag med eit stort talent frå Stadlandet til ein triveleg konsert i Trivselshagen. Her kan du høyre Tre kvinner og ein mann saman med stort orkester av dyktige musikarar, og vi kan møte Maria frå «The Voice synge gripande tekstar på Nordfjord-dialekt.

Tre kvinner og ein mann har med åra vorte så varme i trøya i fjordarmane våre at dei knapt treng nokon nærare presentasjon. Dei gjorde seg kjende gjennom ein serie flotte julekonsertar gjennom fleire år, og har også opptredd i mange andre samanhengar, m.a. den store jubileumskonserten til Firda Tidend i Sandane sentrum i fjor. Dei er også kjende frå Breimskoret. Tre kvinner og ein mann er Hege Alme, Britt Glomnes Willumsen, Randi Skaaden Felde og Sjur Atle Austrheim.



 
 
 

Kommentarer


Det er ikke lenger mulig å kommentere dette innlegget. Kontakt nettstedseieren for mer informasjon.
bottom of page